n©b




  Hallingdølens Kniv
(Trad., Jørgen Moe, Per O Noss, Sven Garås)

Ref.:
Dei si hallingdølens kniv
Heng laust i hass slir
Når du spela ein fanitull
Maken te tull
Mykjy skrik lite ull
Du, spel du din fanitull
Hallingdølens kniv
Heng laust i hass slir
Når du spela ein fanitull
Maken te tull
Mykjy skrik lite ull
Du, spel du din fanitullitull

Fanitullen kallas denna slått
Dølen den spela og spela den godt
Lyt dei tonu unde drikk og svir
Då løsna kniven i hass slir



Te Fjells
(Sven Garås, Per O Noss)

Gjønom mørke skyi
Kan eg skimte lyset
Som leda heim
Men eg har pakka sekken
Eg har gått frå gard og grunn
Så eg kan ikkji snu

Livet langa ut
Slag eg ikkji kjem i frå
Men eg legg meg ikkji ned
Då må det meire te

Ref...
Eg dreg te fjells
Og eg klatra høgt
Forsvinn inn i tåka
Forsvinn i frå bråket
Eg veit
At om eg når heilt opp
Fyrst då fer eg fred
Og fyrst då fer eg true igjen

Du var den eg trengte
Du var den eg stola på
Og det har eg i hug
Bandet som vart knytta
Gav meg mot og styrke
Og vind unde vengen

Livet langa ut
Slag eg ikkji kom i frå
Åne vart for stor
Straumen vart for stri



Din Tanke
(Arne Moslåtten, Sven Garås)

Når skodda ligg i djupe dala
Og det dryp frå tunge tre
Går tanken i mot høgda
Te eit fjell som sola seg

Du leita etter løysing
Ingen fasit er å sjå
Svaret vil du finne
Berre du let tanken gå

Prechor.:
I blant våte putevar
Er tanken like klar

Ref.:
Din tanke lysa opp i svarte nåtte
Din tanke går i moll og i dur
Din tanke er ditt aller beste våpen
Din tanke sprengji alle bur

Når alle venda ryggen te deg
Når dei berre snur og går
Når dei som før var venni
Laga nye djupe sår

Då står du heilt åleine
Med deg sjølv å stole på
Og om det virka trasig
Så la du berre tanken gå



September
(Arne Moslåtten, Sven Garås, Per O Noss)

Eg såg du stod der
Skogen lukta vår
Eg mista vetet
I langt og raudbrunt hår

Eg ville ha deg
Ville ha deg
Eg ville ha deg
Strakk ut mine henda

Ref.:
Eg tagg og ba
Sa no er det vår
Du svara september
Eg var so heit
Men du var kald
Som snø i november

Då eg såg du stod der
Så vart eg varm og ør
Det var vår og sevja steig
Slik som alder før



Svigermor
(Trad.)

Svigermor ho
Var so fæl te glefse
Så eg tenkte
Detta må bli slutt
Laga te ei diger havrelefse
Fylde ho med dynamitt og krutt
Plutseleg så høyrde eg
Det smala og det dundra
Svigermor ho letta
Og vart borte i det blå
Ei kjerring nordi Beito
Ho snudde seg forundra
Nedigjønom pipa kom
Ei flette og ei tå



Kjeringi
(Per O Noss)

Då eg var liten gutungji
Og kulingen var stiv
Då var det ei som trøysta
Ho var der i mitt liv

Eg hadde snubla i ein tråd
Så nasen min var blå
Ho sa alt sku gå seg te
Om ikkji der og då

Ref.:
Oppe i den grøne li
Der sit ho, Kjeringi
Ho har evnu te å sjå
Og ho har varme henda
Oppe i den grøne li
Der sit ho kjeringi
Ho kan spå i handflatu
Og ho kan sjå ei framtid

Når katta mi er reist te skogs
Og ting er so som so
Då si ho alt ska gå seg te
Om ikkji her og no

Når lauvet gulnast veldig brått
Og ting bli tungt og trått
Då finnst det ei som trøysta
Ei som gjere godt

Overgang:
Som ein varde staut og trygg
Inni fjellheimen
Står kjeringi i mot ein blest
Når me treng ho mest



Ulv
(Sven Garås, Per O Noss)

Ti tapte anrop
Og ein svarar som snart er full
Eg skjøna nåtte
Var tøff for deg

Eg veit du er fortvila
Og rekk deg ei hand
Men denna kampen
Må du greie åleine

Ref.:
Du ropa
Ulv ulv ulv ulv ulv ulv
Og mista alle venni på din veg
Du ropa
Ulv ulv ulv ulv ulv ulv
Så eg kan ikkji lenger bli di redning
Du ropa
Ulv ulv ulv ulv ulv ulv ulv
Du ropa
Ulv ulv ulv
Så pass deg

To tomme trusla
Du hadde meg i di hand
Men etter ti og tolv
Har eg fått nok

Gå ikkji inn i skogen
Om du ikkji tør
Sjølv på ein vakker dag
Kan det bli alvor



Kem Kan Segle
(Trad.)

Kem kan segle forutta vind
Kem kan ro utta åri
Kem kan skiljast frå vennen sin
Utta å felle tåri

Eg kan segle forutta vind
Eg kan ro utta åri
Men ei skiljast frå vennen sin
Utta å felle
Utta å felle
Tåri



Den Einaste
(Per O Noss, Sven Garås)

Eg har prøvd i ei evigheit
Å få tak i deg
Har du tru på kjærlegheit?
Har du tru på meg?

Enn så sårt og tungt det er
Å få tak i deg
Vil eg alder sleppe tak
For eg elska deg

Ref.:
For du er alt for meg
(Alt for meg)
Den einaste
Du er alt for meg
(Alt for meg)
Den einaste
Den einaste
Du er alt for meg
(Alt for meg)
Den einaste
Du er den einaste

Eg har skjønt i ei evigheit
At du er min veg
Koffor frykte kjærlegheit
Om du elska meg



Trolldans
(Sven Garås, Per O Noss, Tove Bøygard)

Vinden i frå skarvet
Kviskra meg ditt navn
Spela tonu eg ein gong

Stemma i ein lått
Som lokka minnu fram
Snur meg vekk, men du

Du veit eg lytta

Ref.:
By meg ikkji opp te dans
(Dans dans dans dans dans dans trolldans trolldans dans dans)
By meg ikkji opp te dans
(Dans dans dans dans dans dans trolldans trolldans dans dans)
By meg ikkji opp te dans
(Dans dans dans dans dans dans trolldans trolldans dans dans)
Heime venta ho eg ska ha
(Dans dans dans dans dans dans trolldans trolldans dans dans)
By meg ikkji opp te dans

Bølgud`n på vatnet
Dei sler innover land
Eg er kald, eg vil heim

Di skugge dansa rundt
Og lokka minnu fram
Og eg står i mot

Med alt eg har